Om bloggen

Velkommen til Noregs største herad!

Vossabloggen finst allereie, så då måtte me finna på noko anna. Som Noregs, kanskje til og med verdas største herad, er det då naturleg å kalla dette for «heradsbloggen».

Frå 2020 vil det berre vera tre herad att i Noreg, Ulvik, Kvam og Voss. Voss herad vil med sine over 2000 km2 og vel 15600 innbyggjarar vera størst både i areal og folketal.

Fram mot 1. januar 2020 skal Voss herad byggjast i ein fusjon mellom Voss og Granvin. «Nyskapnaden Voss herad vert heilt unik, ved at han kombinerer merkevarene Voss og Hardanger. Voss sin identitet med idrett, friluftsliv og ekstremsport står sterkt i heile Noreg. Og så Hardanger i tillegg, med sin storslåtte natur, nasjonalromantikken og sitt spennande reiseliv. Ein uslåeleg kombinasjon!SELRES_ae4d98cf-0473-45fd-a5a8-7a0d448270LRES_ae4d98cf-0473-45fd-a5a8-7a0d4482

På heradsbloggen kan du lesa om vegen fram mot Voss herad 2020.