Slik blir det å jobba i Voss herad

Alle organisasjonar er prega av si historie. Voss herad vil kanskje bli prega av to organisasjonar si historie, men like viktig er det at me evnar å kopla oss av og skapa vår eiga historie. Me må klara å skapa ein organisasjonskultur som er eit aktivum for oss og som løftar oss fram. I eit av underpunkta i målsetjinga for organisasjonen Voss herad står det: «Innovativ og endringsdyktig organisasjon med høgt meistringsklima og kultur for kontinuerleg forbetring». Dette er ein setning som seier veldig mykje om korleis prosjektleiar ser for seg leiarskap og medarbeidarskap i Voss herad. I ein organisasjon med høgt meistringsklima er suksess kjenneteikna ved stor innsats, sjølvutvikling, læring, oppgåvemeistring og samarbeid. Fokus er på å gje alle tilsette moglegheita til å utvikle sitt potensial. Å byggja eit meistringsklima er mest ei leiaroppgåve, men det kviler og eit ansvar på den enkelte medarbeidar. Doktorgradsstudent Christina Nerstad har utarbeida seks praktiske råd for å skape eit klima for gode meistringsopplevingar med bakgrunn i forsking på idrett og pedagogikk:

  1. Skap meiningsfylte arbeidsoppgåver med tilstrekkeleg variasjon
  2. Gi kreative utfordringar og moglegheiter til medbestemming
  3. Fokuser på å fremma indre motivasjon ved å leggja vekt på utvikling av kompetanse, sjølvbestemming og tilhøyre (me-følelse)
  4. Unngå å favorisera og framheva berre dei beste. Ta vare på verdigheita til den enkelte
  5. Evalueringar bør i større grad også skje på grunnlag av innsats og eigenutvikling. Ikkje berre som ei samanlikning med andre
  6. Sett av tid til å utvikla talentet som bur i den enkelte medarbeidar

 

Studiane viser at ein organisasjon med høgt meistringsklima fremmar arbeidsglede, jobbengasjement og betre arbeidsprestasjonar.

Som ein forlenga arm av meistringsklima er kultur for kontinuerleg forbetring eit tankesett og ein metode for å forbetra kvalitet og resultat for brukarane, skapa ein betre arbeidskvardag for dei tilsette og økonomisk gevinst gjennom betre forvaltning av ressursar. Metoden nyttar ein sterk medverknad av tilsette. Dette kan styrka trivnad og arbeidsmiljø. I ein god endringskultur er det openheit for at ting kan forbetrast, og medarbeidarane har moglegheiter og verktøy til å gjennomføra løypande endringar. Kulturen vert prega av tryggleik, ambisjonar, ansvarskjensle og vilje til å dela kunnskap. Dette fører gjerne til engasjement, meir trivnad og ein betre arbeidskvardag. På sitt beste skapar ein slik kultur inkluderande arbeidsplassar med lågt sjukefråvær.

Med høgt meistringsklima og ein kultur for kontinuerleg forbetring ligg mykje til rette for ein innovativ og endringsdyktig organisasjon der kvar medarbeidar er ein mogleg innovatør. Innovasjon er ikkje noko som skjer i eksklusive samanhengar eller under særskilde omstende. Det er oftast akkurat det motsette, det skjer i kvardagen men det er ikkje alltid at me tenkjer gjennom det. Innovasjon er når me kjem på nye idear i og deretter prøver dei med håp om å skapa verdi for dei me er her for. Eit suksesskriterium i innovative organisasjonar er at kvar einskilde tilsett blir sett på som ein idébidragsytar og gjennomførar av endring. Dette skjer i dag på ulike måtar og det er denne kulturen me har behov for at skal gjennomsyra heile organisasjonen. Me treng å sjå til at gode forslag og idear kjapt blir omsett til handling. Ein faktor som bremsar oss i det arbeidet er redsla for å gjera feil, i staden for å ha motet til å våga å testa noko nytt. Me snakkar i denne samanheng ikkje om feil der liv går tapt eller som får store økonomiske konsekvensar, men feil der ein unngår å utforska moglegheiter eller å endra. Me treng å bli betre til å løfta fram kva me har lært når ting ikkje går som det var tenkt. Idear og forslag på løysingar treng ikkje berre å komma frå tilsette, men også innbyggjarar, næringsliv, besøkande.

Frykta for å gjera feil er kanskje endå større i offentlege organisasjonar enn i private på grunn av offentlegheita og den konstante blikket på organisasjonen. Skal me byggja ein lærande organisasjon vil det vera heilt avgjerande at ein både på politisk og administrativt nivå i organisasjonen skapar eit trygt psykologisk klima der feil blir ufarleggjort.

God service og kvalitet blir meir og meir viktig. Innbyggjarar, næringsliv og besøkjande samanliknar den servicen dei får med servicen dei får i andre verksemder, organisasjonar eller kommunar. Dei som er i kontakt med kommunen stiller høge krav til enkle og smidige tenester som møter deira behov og hjelper dei med å løysa problema sine. Derfor må Voss herad sine tilsette og leiarar ha kontroll på behov og opplevingar i kundane sine reiser gjennom våre ulike tenester. Me må samarbeida over forvaltningsgrensene for å kunna møta kunden som ein organisasjon sjølv om kunden si reisa spenner over fleire kontaktpunkt, kanalar og avdelingar. Gjennom å jobba med felles kundereiser har me verktøy for å sjå heilskapen og utvikla oss ut frå riktige kundebehov. Dette aukar serviceopplevinga samtidig som det effektiviserar arbeidet vårt.

Dersom du ynskjer å lesa meir om administrativ organisering av Voss herad og prosjektleiar sine visjonar for organisasjonen kan du gjera det her.

Administrativ organisering av Voss herad – avgjerd

Prosjektleiar vil tilsetja leiargruppa i Voss herad i løpet av juni 2018.

Ungdommen har talt

Arbeidet med å definera framtidas Voss herad held fram. Ungdomsråda i Voss og Granvin har i kveld felles møte for å snakka om sitt draumebilete for framtida.

IMG_0879

Etter ei felles arbeidsøkt med pizzalaging på kjøkenet, inntak av mat og drikke var engasjementet og kreativiteten på topp. Ungdommane som vil vera om lag 30 år når kommuneplan-perioden er ferdig er naturleg nok mest opptatt av saker som opptek ungdommar flest, men har òg omsut for eldre og arbeidstakarar. Under presentasjonsrunden var det umogleg å skilja kven som er frå Granvin og kven som er frå Voss. Sakene dei tok opp er veldig samanfallande med det som kom fram då kommunestyra i dei to kommunane diskuterte kommuneplanen;

  • Betre helsestasjonstenester, lågterskel tilbod for ungdom og betre seksualundervisning
  • Billegare og betre kollektivtransport internt i Voss herad
  • Bevara sterke lokalsenter
  • Laga vårt eige «Bergen» så me slepp bli ein del av Bergen
  • Behalda ekstremsporten
  • Meir variert ungdomstilbod
  • Satsing på miljøvern
  • Meir arbeidsplassar for ungdom, til dømes UngJobb
  • Behalda ambulansestasjon i Granvin
  • Skulemat
  • Brukarfokus i eldreomsorga

Ungdomsråda i Voss og Granvin har reflekterte, samfunnsorienterte og engasjerte medlemmer. I diskusjonen etterpå diskuterte dei vidare mellom anna miljøvern, helsetenester, fordommar om psykisk sjuke, samfunnstryggleik og NAV.

Til sist skulle ungdommane prioritera tre tema dei vil prioritera framover. Dei enda opp med desse fire: folkehelse, miljøvern, bustad og ungdom.

Kanskje me ser ein del framtidige heradsstyremedlemmer i Voss herad her?

IMG_0884

Kva skal vera visjonen til Voss herad?

Når me no byggjer ein ny kommune for framtida er det lurt å tenkja grundig gjennom kva Voss herad skal vera. Ein visjon er eit draumebilete som førespeglar kva me vil bli i framtida. Visjonen skal vera Voss herad sitt ynskte særtrekk i eit langsiktig perspektiv – gjerne sett frå utsida.

Visjon

Kvifor treng me ein visjon?

  • Alle organisasjonar bør ha eit velfundert syn på moglegheiter og utfordringar i framtida
  • Visjonen summerer opp hundrevis av detaljavgjersler om framtida
  • Visjonen skal motivera til å handla i riktig retning, sjølv om det personleg kan vera vanskeleg
  • Visjonen skal koordinera handlingane til alle dei tilsette på ein effektiv måte

Fem kjenneteikn ved gode visjonar

Jan Ketil Arnulf seier at ein visjon er eit mentalt bilete av framtida som på sitt beste gjer det meiningsfullt for medarbeidarar å gjere sitt beste på jobben.

  1. Visjonen skal vere ambisiøs, men samtidig uttrykkje tiltru til at medarbeidarane kan gjere visjonen til realitet.
  2. Ein god visjon bør verke inviterande. Dess fleire som blir invitert, desto betre
  3. Ein god visjon utfordrar det gjeldande
  4. Ein god visjon uttrykkjer eit høgt prestasjonsnivå kombinert med ideologiske og verdimessige overtonar
  5. Dess enklare ein visjon er, dess betre. Enkle visjonar kan også kommuniserast via logo, og reklamemateriell mens lengre visjonar krev framføring av bodskapen.

Framlegg til visjon for Voss herad

Fellesnemnda for Voss herad og representantar frå administrasjonane i Voss og Granvin hadde i mars eit arbeidsmøte der mellom anna forslag til visjon vart diskutert. I gruppearbeid vart det lagt vekt på at ein god visjon for Voss bør ta utgangspunkt i spennet som finst mellom det tradisjonsrike og det ekstreme. Vidare vil det vera bra om visjonen kan vera samlande i ein ny samanslått kommune. Morosame forslag som «Alle vegar fører til Voss» og «Du klarar deg ikkje utan (V)oss» vart forkasta og til slutt vart det gjennomført ei avstemming mellom desse forslaga (med tal stemmer bak):

  • Voss – med røter og vengjer – 92
  • Voss – saman for sterke opplevingar – 92
  • Voss – saman i tryggleik i galskap – 71
  • Bygda vår- heftig, traust og inkluderande – 56
  • Voss – staut og frisk – 59
  • Voss – me torer å satsa – 58
  • Voss – bygdabyen med rot i tradisjonar – 37
  • Voss- grøn i alle nyansar – 36

Kva meiner du skal vera Voss herad sin visjon?

Velkomen til bloggen vår

Her kan du lesa om arbeidet med å slå saman to kommunar til ein ny. Voss kommune og Granvin herad blir begge nedlagde 31. desember 2019, og 1. janur 2020 er Voss herad etablert. Skjervsfossen (2)

Når ein skal slå saman to kommunar er det mange ting å hugsa på. Ein ting er at to organisasjonar skal smeltast saman til ein. Ein annan ting er at tenestene skal leverast både 31. desember 2019 og 1. januar 2020.

Det er nok slik at for dei aller fleste vil ikkje samanslåinga merkast så mykje med ein gong. Men målet er at me skal bli endå litt betre på å yta tenester til dei som bur i Voss herad.

Fylg med på kva me driv med, og kom gjerne med innspel om det er noko du vil fortelja oss. Lurar du på noko, kan du lesa meir om samanslåinga både på nettsida vår og på facebook. Lurar du på noko meir, er det berre å spørja oss.